Archive for the ‘Miljø’ Category

Richard Stallman til Bergen!

torsdag, februar 5th, 2009

Få med deg den levande legenda!

Kort fortalt, mannen bak GNU som i GNU/Linux. Altså “halve Linux”. Men også mykje knall filosofi og eh, han er ein nokså eksentrisk skrue på mange rare vis. Nokre av mine favorittar, alle klippa frå Wikipedia om Richard Stallman:

  • “I’ve always lived cheaply … like a student, basically. And I like that, because it means that money is not telling me what to do.”
  • Stallman recommends not owning a mobile phone, as he believes the tracking of cell phones creates harmful privacy issues.
  • “I think it is ok for authors (please let’s not call them ‘creators’, they are not gods) to ask for money for copies of their works (please let’s not devalue these works by calling them ‘content’) in order to gain income (the term ‘compensation’ falsely implies it is a matter of making up for some kind of damages).”

Også i nerdenytt:
Twitra av Gisle Hannemyr: At 11:31:30pm UTC on Feb 13, 2009, Unix time will reach 1,234,567,890.

Frå varer til tenester

torsdag, januar 15th, 2009

Finfin artikkel om miljø og forbruk med mange gode poeng av Børge. Story of stuff-videoen var fantastisk, kudos for den! Og fint fokus om at etter at økonomien er komen opp til eit visst nivå som dekker basis (typisk 1950-1960 i Norge), er tida saman med familie og venner som auker lykka, ikkje typiske høgstatusprodukt.

Men det som ikkje nemnast så mykje om er korleis “folk flest” faktisk skal bruke pengane sine. For har dei først tent dei, kan du banne på at dei også vil bruke dei. For ingen vil vel finne å å berre ruge på dei, eller tør eg nemne å gje vekk pengar? Neivel, men kva då?

Svaret er “tenester”. Kvifor? Ei lita rekke av tankar/påstandar:

  1. Det er nokså sikkert at pengar og produkt er noko vårt samfunn er avhengig av for å fungere, om enn nokså sikkert i mindre grad enn i dag. Dersom alle skulle slutte å bruke pengar på ting dei strengt tatt ikkje treng over natta, ville truleg økonomien vår bryte saman i mindre eller større grad, og det finst sikkert økonomar og tenkerar som kan forklare betre enn meg kva som ville skjedd då, men lovlause tilstandar, arbeidsløyse, kamp for å overleve, anarki & naud er stikkord som dukker opp i mitt hovude. Overbevis meg gjerne om at eg tar feil.
  2. I alle tilfelle, under mildare omstende, dei som jobber innan produksjon av varer ville ha mista jobben, ergo større arbeidsløyse. Menneskerettane seier “alle har rett til arbeid (…)” i artikkel 23, menneskerettane. Også Pave Johannes Paul II meiner at retten til arbeid er også i globaliseringa sin tidsalder ein av mennesket sine elementære rettar. Om det er fordi vi vil føle oss nyttige, verdifulle, at andre er avhengige av oss er ikkje så viktig å diskutere no. Det er i alle tilfelle nokså sikkert at dei fleste av oss vil arbeide. Til ein viss grad. Sekstimersdagen kunne kanskje vere ein god idè? Då vert det (i teorien iallefall) også fleire å fordele arbeidet på, altså arbeid til alle.
  3. Dermed, dersom større delar av samfunna våre gradvis vart bygd opp av tenester i staden for produkt, ville ikkje verdiskapinga stoppe opp. Folk ville ikkje verte arbeidslause, berre verte omfordelte til tenesteyting. Dersom nokon skulle oppfordre til å “shoppe” oss ut av finanskrisa (samt spare miljøet i samme slengen), bør det i såfall gjelde frisør, spa (eh, giftfrie hud/hårprodukt finst vel?), museum/kunst, restaurantbesøk, kino, etc. Og gjerne saman med familie og venner!

Sjølvsagt skal ingen slutte å kjøpe noko som helst produkt, men problemet i dag er at prisen i butikken ikkje gjenspeglar samfunnet sine kostnader i form av miljøureining, ressursforbruk, etc. Altså bør ein i stor grad avgrense kva ein kjøper til mest mogleg miljøvenlege produkt, varige kvalitetsprodukt, tråle bruktmarknaden, late vere å bytte ut produkt berre på grunn av feil design, etc.

Eit siste innspel, i staden for at folk veljer å kjøpe båt, campingbil, hytte, etc, noko som sikkert er draumen for mange, opplever mange at dei får mykje kostnader og arbeid med hytta, båten, etc - vedlikehald, oppbevaring, landsetjing, maling, etc. I staden kan ein nytte pengane til å leige, dermed får kvart produkt betre utnytting og mindre “svinn”. Truleg får dei også meir profesjonell drift og vedlikehald også, ergo betre utnytting av ressursane - og du får meir tid til familie & venner.