Finfin artikkel om miljø og forbruk med mange gode poeng av Børge. Story of stuff-videoen var fantastisk, kudos for den! Og fint fokus om at etter at økonomien er komen opp til eit visst nivå som dekker basis (typisk 1950-1960 i Norge), er tida saman med familie og venner som auker lykka, ikkje typiske høgstatusprodukt.
Men det som ikkje nemnast så mykje om er korleis “folk flest” faktisk skal bruke pengane sine. For har dei først tent dei, kan du banne på at dei også vil bruke dei. For ingen vil vel finne å å berre ruge på dei, eller tør eg nemne å gje vekk pengar? Neivel, men kva då?
Svaret er “tenester”. Kvifor? Ei lita rekke av tankar/påstandar:
- Det er nokså sikkert at pengar og produkt er noko vårt samfunn er avhengig av for å fungere, om enn nokså sikkert i mindre grad enn i dag. Dersom alle skulle slutte å bruke pengar på ting dei strengt tatt ikkje treng over natta, ville truleg økonomien vår bryte saman i mindre eller større grad, og det finst sikkert økonomar og tenkerar som kan forklare betre enn meg kva som ville skjedd då, men lovlause tilstandar, arbeidsløyse, kamp for å overleve, anarki & naud er stikkord som dukker opp i mitt hovude. Overbevis meg gjerne om at eg tar feil.
- I alle tilfelle, under mildare omstende, dei som jobber innan produksjon av varer ville ha mista jobben, ergo større arbeidsløyse. Menneskerettane seier “alle har rett til arbeid (…)” i artikkel 23, menneskerettane. Også Pave Johannes Paul II meiner at retten til arbeid er også i globaliseringa sin tidsalder ein av mennesket sine elementære rettar. Om det er fordi vi vil føle oss nyttige, verdifulle, at andre er avhengige av oss er ikkje så viktig å diskutere no. Det er i alle tilfelle nokså sikkert at dei fleste av oss vil arbeide. Til ein viss grad. Sekstimersdagen kunne kanskje vere ein god idè? Då vert det (i teorien iallefall) også fleire å fordele arbeidet på, altså arbeid til alle.
- Dermed, dersom større delar av samfunna våre gradvis vart bygd opp av tenester i staden for produkt, ville ikkje verdiskapinga stoppe opp. Folk ville ikkje verte arbeidslause, berre verte omfordelte til tenesteyting. Dersom nokon skulle oppfordre til å “shoppe” oss ut av finanskrisa (samt spare miljøet i samme slengen), bør det i såfall gjelde frisør, spa (eh, giftfrie hud/hårprodukt finst vel?), museum/kunst, restaurantbesøk, kino, etc. Og gjerne saman med familie og venner!
Sjølvsagt skal ingen slutte å kjøpe noko som helst produkt, men problemet i dag er at prisen i butikken ikkje gjenspeglar samfunnet sine kostnader i form av miljøureining, ressursforbruk, etc. Altså bør ein i stor grad avgrense kva ein kjøper til mest mogleg miljøvenlege produkt, varige kvalitetsprodukt, tråle bruktmarknaden, late vere å bytte ut produkt berre på grunn av feil design, etc.
Eit siste innspel, i staden for at folk veljer å kjøpe båt, campingbil, hytte, etc, noko som sikkert er draumen for mange, opplever mange at dei får mykje kostnader og arbeid med hytta, båten, etc - vedlikehald, oppbevaring, landsetjing, maling, etc. I staden kan ein nytte pengane til å leige, dermed får kvart produkt betre utnytting og mindre “svinn”. Truleg får dei også meir profesjonell drift og vedlikehald også, ergo betre utnytting av ressursane - og du får meir tid til familie & venner.
Hei agarfors. Fint du safra på Twitter at det var du som har skrevet dette, for jeg prøvde å finne ut hvem det var her på bloggen, men det var ingen info om forfatter å finne..
Tusen takk for denne posten, det tror jeg er første gang noen har skrevet en bloggpost som svar på en av mine.
Jeg er selvsagt enig i at vanlige folk ikke skal skutte å bruke penger. Jeg mener ikke at staten skal ta over alt forbruket, bare at det private forbruket må kraftig ned fra hva det er nå. Å flytte deler av det private forbruket over fra ting til tjenester tror jeg er en veldig bra løsning! Mange miljøvernorganisasjoner anbefaler å bruke penger på resturantbesøk, kino, spa, osv.
Leige istedenfor å eie er også veldig bra, og ting som bildeling, men for flere andre ting, bør det bli mye mer av i framtiden.
(PS: Jeg har ikke fått noen pingback fra bloggen din, så hadde vært fint om du limte inn URLen til bloggposten min i trackback-feltet og lagret posten på nytt, så jeg får en link hit under posten min, for de som vil følge samtalen.)
Takk for kommentaren! Bloggen er i startfasen, og mykje mangler, mellom anna har eg ikkje gjort noko med design. “Om meg” har eg ikkje rekt over heller, men sidan eg har skrive inn namnet mitt i Wordpress sin admin-del har eg ikkje tenkt over at det ikkje synast nokon stad i bloggen. Slikt kjem vel etterkvart når eg tar meg tid.
Tilbaketråkk hadde eg sendt, så eg trudde det låg for godkjenning, men ser no at eg sende til feil url. Litt rusk i maskineriet etter år og dag utan blogging blir det vel. Eg sende iallefall ein ny no.
Men over til saka. Eller nei, må komme tilbake til det seinare når eg har tid