Archive for januar, 2009

Frå varer til tenester

torsdag, januar 15th, 2009

Finfin artikkel om miljø og forbruk med mange gode poeng av Børge. Story of stuff-videoen var fantastisk, kudos for den! Og fint fokus om at etter at økonomien er komen opp til eit visst nivå som dekker basis (typisk 1950-1960 i Norge), er tida saman med familie og venner som auker lykka, ikkje typiske høgstatusprodukt.

Men det som ikkje nemnast så mykje om er korleis “folk flest” faktisk skal bruke pengane sine. For har dei først tent dei, kan du banne på at dei også vil bruke dei. For ingen vil vel finne å å berre ruge på dei, eller tør eg nemne å gje vekk pengar? Neivel, men kva då?

Svaret er “tenester”. Kvifor? Ei lita rekke av tankar/påstandar:

  1. Det er nokså sikkert at pengar og produkt er noko vårt samfunn er avhengig av for å fungere, om enn nokså sikkert i mindre grad enn i dag. Dersom alle skulle slutte å bruke pengar på ting dei strengt tatt ikkje treng over natta, ville truleg økonomien vår bryte saman i mindre eller større grad, og det finst sikkert økonomar og tenkerar som kan forklare betre enn meg kva som ville skjedd då, men lovlause tilstandar, arbeidsløyse, kamp for å overleve, anarki & naud er stikkord som dukker opp i mitt hovude. Overbevis meg gjerne om at eg tar feil.
  2. I alle tilfelle, under mildare omstende, dei som jobber innan produksjon av varer ville ha mista jobben, ergo større arbeidsløyse. Menneskerettane seier “alle har rett til arbeid (…)” i artikkel 23, menneskerettane. Også Pave Johannes Paul II meiner at retten til arbeid er også i globaliseringa sin tidsalder ein av mennesket sine elementære rettar. Om det er fordi vi vil føle oss nyttige, verdifulle, at andre er avhengige av oss er ikkje så viktig å diskutere no. Det er i alle tilfelle nokså sikkert at dei fleste av oss vil arbeide. Til ein viss grad. Sekstimersdagen kunne kanskje vere ein god idè? Då vert det (i teorien iallefall) også fleire å fordele arbeidet på, altså arbeid til alle.
  3. Dermed, dersom større delar av samfunna våre gradvis vart bygd opp av tenester i staden for produkt, ville ikkje verdiskapinga stoppe opp. Folk ville ikkje verte arbeidslause, berre verte omfordelte til tenesteyting. Dersom nokon skulle oppfordre til å “shoppe” oss ut av finanskrisa (samt spare miljøet i samme slengen), bør det i såfall gjelde frisør, spa (eh, giftfrie hud/hårprodukt finst vel?), museum/kunst, restaurantbesøk, kino, etc. Og gjerne saman med familie og venner!

Sjølvsagt skal ingen slutte å kjøpe noko som helst produkt, men problemet i dag er at prisen i butikken ikkje gjenspeglar samfunnet sine kostnader i form av miljøureining, ressursforbruk, etc. Altså bør ein i stor grad avgrense kva ein kjøper til mest mogleg miljøvenlege produkt, varige kvalitetsprodukt, tråle bruktmarknaden, late vere å bytte ut produkt berre på grunn av feil design, etc.

Eit siste innspel, i staden for at folk veljer å kjøpe båt, campingbil, hytte, etc, noko som sikkert er draumen for mange, opplever mange at dei får mykje kostnader og arbeid med hytta, båten, etc - vedlikehald, oppbevaring, landsetjing, maling, etc. I staden kan ein nytte pengane til å leige, dermed får kvart produkt betre utnytting og mindre “svinn”. Truleg får dei også meir profesjonell drift og vedlikehald også, ergo betre utnytting av ressursane - og du får meir tid til familie & venner.

Hello world! Atter igjen.

fredag, januar 2nd, 2009

Eg kan ikkje skryte av å ha vore spesielt aktiv siste øh, årene, men lat oss slå ein strek over det. Eg har iallefall importert min forrige blogg med ymse rart, adressa den gongen var ag.vided.org. Lenker, bilete og kommentarar forsvann, men det er igrunnen ikkje så nøye, det kan eg sjå på seinare. Nok om det. Eller forresten, kudos til Wordpress for kjapp import, det tok meg omtrent to minuttar å importere. Og før det ca. 10 min å installere Wordpress, inkludert pausesurfing medan filene vart pakka ut og kopiert etc. Det som tar tid er altså skrivinga.

Så, i ånda åt domenenamnet, kvifor? Kvifor denne nye satsinga? Vel, for det første fekk eg eit spark i leggen i dag av Jon som dissa meg for at eg ikkje blogga. Eg skulda rått og hensynslaust på tidsklemma og familieliv, men alle veit jo at det ikkje held vatn. Hm, eg skal ikkje skryte på meg mykje bot og betring, men her er i det minste eit første spede forsøk på å vere tilbake på hesteryggen. Design, dill & dall får komme seinare.