Heimelaga pizza

Inspirert av at Martin publiserer oppskrift på pizza kjem eg med min versjon. Forskjellen er først og fremst at eg lager meir enn Martin - restane deler eg opp og fryser ned - og tar med meg til lunsj på jobben. Pizzabitane tiner frå morgon til lunsj, deretter får dei ein omgang i mikroen.

Deig:
Deigen lagast med 6 dl vatn og 50g gjær. Bruk grovt mjøl eller havregryn, men minst 50% fint mjøl i pizzabotnen. Lar deigen heve 1/2 til 1 time, del i to, kjevlast ut eller dras ut til to store steikebrett. Etterhevast litt om du gidd.

Fyll:
Steik…
1 kjøttdeig eller anna kjøtt, krydres etter smak.
1-2 løk (gjerne raud!) hakkast og steikast i lag med kjøttdeigen

Bland i følgjande…
2 boksar hermetiske tomater
1 liiten boks tomatpure, bland med 1-2 teskei sukker for å utjamne den litt sure smaken.
La det gjerne surre litt for å få mindre vassen pizza!

Etter koking… velg og vrak…
-boks med hermetisk mais
-sopp i skiver, helst fersk
-paprika i glade fargar
-tomatskiver
-ananas, elska og hata.
-oregano, basilikum, kvitløk, etc.

+Ost på toppen!

Steikeovnen på 200-225 grader i 20-25 min til osten er gylden….

Leave a Reply