Archive for februar, 2006

Mysteriet rundt 500-kronerseddelen

torsdag, februar 23rd, 2006

Har du tilgang til mirsoskop med mange hundre gonger forstørrelse? Ikkje eg heller til vanleg, men Kjersti, søstra mi som går på medisin, har det. Og i lag med ho og Gunnar, ein av brødrene mine, observerte vi noko interessant for nokre veker sidan. Kanskje ein smule nerdete til at det er spennande for alle, men like fullt interessant for dei som fascinerast av merkelege billedlege fenomen.

Biletet vedlagt (trykk på det for full størrelse) er forstørra 400 (eller var det 800?) gonger, det som er forstørra er iris på det eine auget til Sigrid Undset, sjå i Wikipedia for meir detaljar, evt overblikk over seddelen.

Eg vil faktisk ikkje seie kva eg ser i biletet, vil ikkje legge ord i munnen på deg. Tar gjerne imot kommentar her. Eg meiner bestemt eg ser noko, det same meinte Gunnar og Kjersti. Etter litt oppklarande diskusjon viste det seg at vi såg ulike ting. Så altså, kva ser du?