Saann gaar no internettdagane i Nkhotakota, Malawi

april 14th, 2009

No slit nettet litt…. Read the rest of this entry »

Fremtidens mediebilde - Eirik Solheim, NRKbeta

mars 13th, 2009

Video frå Eirik Solheim sin presentasjon “Fremtidens mediebilde”:

Videoavspelar i Flash her, fila her: http://video.fabulaz.hib.no/media/video/eirikso.flv

Beklager tullete kameraføring og ca to minuttar nesten manglande lyd! Eg har nok ingen lysande karriere som kameramann framfor meg :-)

Richard Stallman til Bergen!

februar 5th, 2009

Få med deg den levande legenda!

Kort fortalt, mannen bak GNU som i GNU/Linux. Altså “halve Linux”. Men også mykje knall filosofi og eh, han er ein nokså eksentrisk skrue på mange rare vis. Nokre av mine favorittar, alle klippa frå Wikipedia om Richard Stallman:

  • “I’ve always lived cheaply … like a student, basically. And I like that, because it means that money is not telling me what to do.”
  • Stallman recommends not owning a mobile phone, as he believes the tracking of cell phones creates harmful privacy issues.
  • “I think it is ok for authors (please let’s not call them ‘creators’, they are not gods) to ask for money for copies of their works (please let’s not devalue these works by calling them ‘content’) in order to gain income (the term ‘compensation’ falsely implies it is a matter of making up for some kind of damages).”

Også i nerdenytt:
Twitra av Gisle Hannemyr: At 11:31:30pm UTC on Feb 13, 2009, Unix time will reach 1,234,567,890.

Diagram / Charts / Visioerstattar

februar 5th, 2009

Fiffig nettapplikasjon for å teikne diagram etc. Utvikla i Flex, tja til det.

Alternativet mitt er ein jobb-pc utan admin-rettar og utan nokre av desse diagram-programma. Eg fordrar ikkje å måtte logge av, få ein administrator til å logge på for å installere programvare, etc. Takk og lov for nettapplikasjonar!

One ring to rule them all, tester Posterous

februar 2nd, 2009


Ein kjapp spasertur på Gullstølen og Gullsteinen i går. Føler meg rikare innvendig i det minste :-p

Frå varer til tenester

januar 15th, 2009

Finfin artikkel om miljø og forbruk med mange gode poeng av Børge. Story of stuff-videoen var fantastisk, kudos for den! Og fint fokus om at etter at økonomien er komen opp til eit visst nivå som dekker basis (typisk 1950-1960 i Norge), er tida saman med familie og venner som auker lykka, ikkje typiske høgstatusprodukt.

Men det som ikkje nemnast så mykje om er korleis “folk flest” faktisk skal bruke pengane sine. For har dei først tent dei, kan du banne på at dei også vil bruke dei. For ingen vil vel finne å å berre ruge på dei, eller tør eg nemne å gje vekk pengar? Neivel, men kva då?

Svaret er “tenester”. Kvifor? Ei lita rekke av tankar/påstandar:

  1. Det er nokså sikkert at pengar og produkt er noko vårt samfunn er avhengig av for å fungere, om enn nokså sikkert i mindre grad enn i dag. Dersom alle skulle slutte å bruke pengar på ting dei strengt tatt ikkje treng over natta, ville truleg økonomien vår bryte saman i mindre eller større grad, og det finst sikkert økonomar og tenkerar som kan forklare betre enn meg kva som ville skjedd då, men lovlause tilstandar, arbeidsløyse, kamp for å overleve, anarki & naud er stikkord som dukker opp i mitt hovude. Overbevis meg gjerne om at eg tar feil.
  2. I alle tilfelle, under mildare omstende, dei som jobber innan produksjon av varer ville ha mista jobben, ergo større arbeidsløyse. Menneskerettane seier “alle har rett til arbeid (…)” i artikkel 23, menneskerettane. Også Pave Johannes Paul II meiner at retten til arbeid er også i globaliseringa sin tidsalder ein av mennesket sine elementære rettar. Om det er fordi vi vil føle oss nyttige, verdifulle, at andre er avhengige av oss er ikkje så viktig å diskutere no. Det er i alle tilfelle nokså sikkert at dei fleste av oss vil arbeide. Til ein viss grad. Sekstimersdagen kunne kanskje vere ein god idè? Då vert det (i teorien iallefall) også fleire å fordele arbeidet på, altså arbeid til alle.
  3. Dermed, dersom større delar av samfunna våre gradvis vart bygd opp av tenester i staden for produkt, ville ikkje verdiskapinga stoppe opp. Folk ville ikkje verte arbeidslause, berre verte omfordelte til tenesteyting. Dersom nokon skulle oppfordre til å “shoppe” oss ut av finanskrisa (samt spare miljøet i samme slengen), bør det i såfall gjelde frisør, spa (eh, giftfrie hud/hårprodukt finst vel?), museum/kunst, restaurantbesøk, kino, etc. Og gjerne saman med familie og venner!

Sjølvsagt skal ingen slutte å kjøpe noko som helst produkt, men problemet i dag er at prisen i butikken ikkje gjenspeglar samfunnet sine kostnader i form av miljøureining, ressursforbruk, etc. Altså bør ein i stor grad avgrense kva ein kjøper til mest mogleg miljøvenlege produkt, varige kvalitetsprodukt, tråle bruktmarknaden, late vere å bytte ut produkt berre på grunn av feil design, etc.

Eit siste innspel, i staden for at folk veljer å kjøpe båt, campingbil, hytte, etc, noko som sikkert er draumen for mange, opplever mange at dei får mykje kostnader og arbeid med hytta, båten, etc - vedlikehald, oppbevaring, landsetjing, maling, etc. I staden kan ein nytte pengane til å leige, dermed får kvart produkt betre utnytting og mindre “svinn”. Truleg får dei også meir profesjonell drift og vedlikehald også, ergo betre utnytting av ressursane - og du får meir tid til familie & venner.

Hello world! Atter igjen.

januar 2nd, 2009

Eg kan ikkje skryte av å ha vore spesielt aktiv siste øh, årene, men lat oss slå ein strek over det. Eg har iallefall importert min forrige blogg med ymse rart, adressa den gongen var ag.vided.org. Lenker, bilete og kommentarar forsvann, men det er igrunnen ikkje så nøye, det kan eg sjå på seinare. Nok om det. Eller forresten, kudos til Wordpress for kjapp import, det tok meg omtrent to minuttar å importere. Og før det ca. 10 min å installere Wordpress, inkludert pausesurfing medan filene vart pakka ut og kopiert etc. Det som tar tid er altså skrivinga.

Så, i ånda åt domenenamnet, kvifor? Kvifor denne nye satsinga? Vel, for det første fekk eg eit spark i leggen i dag av Jon som dissa meg for at eg ikkje blogga. Eg skulda rått og hensynslaust på tidsklemma og familieliv, men alle veit jo at det ikkje held vatn. Hm, eg skal ikkje skryte på meg mykje bot og betring, men her er i det minste eit første spede forsøk på å vere tilbake på hesteryggen. Design, dill & dall får komme seinare.

Maun flyfoto

november 20th, 2007

Tatt frå lufta av Gjermund Dale, “flyfoto av litt av bebyggelsen i Maun”.

Peik på huset ditt då, Kjersti! :-p

Vestlandsregn

juli 27th, 2006

På staden eg vaks opp, Naustdal, regner det meir enn i Bergen. Likevel føles det ikkje slik. Det verker for meg å vere meir ustabilt i vestlandshovudstaden. Ein typisk dag i Naustdal (eventuelt Førde der eg gjekk på gymnas) var prega av solskinn, overskya vær _eller_ regnvær. Sjeldan alle deler på ein dag, som tilfelle ofte er i Bergen.

Eg og familien min var ein tur på akvariet i dag. Veret var strålande, berre eg og pingvinane kunne tenke seg eit par grader kaldare luft. Og det fekk vi, samt striregn av våtaste sort. Sjå på vedlagt bilete. Poenget med denne teksten var i bunn og grunn berre å tipse om ei kul teneste for oss væropptekne nordmenn: http://met.no/radar/

Pensjonist prøver profilering av praksis i psykologi

juni 20th, 2006

Eg ville berre seie at eit passe stort og passe seriøst kommunikasjonsbyrå i Norge har utvikla denne nettsida som burde handle om psykiatri og psykoterapi i Sogn og Fjordane. Dessutan nervøs lidelse, nervelidelse, psykologisk, nevrose, psykiatri, behandling, psykisk lidelse og arnulf gjestland. Etter å ha snakka med dei og vore litt irritert på dei for eit noko slett resultat for ein forholdsvis stor sum pengar (5500+1500), lovar dei bot og betring. Dei skal faktisk vederlagsfritt oppgradere den “ferdige” webløysinga. Men det nemnast også frå deira rådgjevar at det har vore manglande innhalds- og lenkestrategi. Eg har iallefall laga eit par lenker no. Så får vi sjå…. eg kjem tilbake med meir om det skulle vise seg naudsynt. Inntil då tata.